Skulegata 3
gnr 28 / bnr 198 |
Byggjeår: 1937 |
Bruk: Brødutsal, foto- og rammeforetning, møbelforretning |
Tomta dette kombinerte forretnings- og bustadhuset er bygt på, er skild ut frå gardsbruket til Daniel Fløgstad. I dette bygget finn ein i dag (1999) ein moderne møbelhandel som opptek eit stort areal fordelt på to høgder. Vareutvalet er så variert og utsalsarealet så stort at forretninga ber meir preg av å høyra heime i ein større by, enn på ein liten stad som Sauda. Byggjeåret for dette huset i Skulegata er 1937, men opphavet til firmanamnet Molla Møbel går langt attende i hundreåret.

Det var møbelsnikkar — seinare møbelhandlar — Andreas Molla som grunnla firmaet i nært samarbeid med nevøen Brynjulf Molla, far til nåverande eigar av møbelforretninga Molla Møbel. Starten var møbelverkstaden som låg i kjellaren i huset til Sauda Ungdomslag under Hølland. Andreas Molla fekk det romslegare med både verkstad og møbelutsal då han flytte ned i huset som stod om lag på den staden der Rolf Moen hadde tobakk- og sjokoladebutikken. Det meste av møblane han og Brynjulf produserte i verkstaden, vart laga på tinging frå kundane. Medan den vesle bedrifta heldt til i Brugata, vart det utvikla ein spesialitet som med tida skulle syna seg å verta ein salssuksesss, jamvel utanfor bygdegrensene. Det var fabrikasjonen av Noreg-ski, det me i Sauda kalla «Molla-ski». Me kjem attende til skiproduksjonen når firmaet flytter til Skulegata. Me legg her berre til at Andreas Molla knytte til seg, medan han ennå heldt til i Brugata, ein ung saudabu, Øystein Solberg. Sidan han var ein god skiløpar, passa han godt inn på denne verkstaden. Etter krigen reiste Øystein til Sverige, der han grunnla si eiga bedrift. Diverre døydde han i ung alder.
Andreas Molla måtte avvikla forretnings- og verkstadproduksjonen i Brugata då Sauda Forbrukslag skulle setja opp det nye forretningsbygget sitt. Han fekk kjøpa ei sentral tomt i Skulegata og vart næraste granne til Sauda Meieri. Men før han flytte inn i det nye huset, hadde han eit stutt opphald i det gamle, grøne huset til Sauda Sparebank. Møbelutsalet hadde han i lokalet som Kaffistova til Sauda Ungdomslaget hadde brukt tidlegare.
Huset som vart bygt i Skulegata, hadde to delar. Bak forretnings- og bustadhuset låg verkstaden for seg sjølv. På eigedomen vart denne fyrst teken i bruk. I hovudhuset var det to lokale. Det store møbelutsalet dominerte i fyrste høgda, men ved sida av, nærast huset til Valborg Lien, var det eit langt og smalt lokale som vart leigt bort. Det firmaet som fyrst heldt til her, var Jakobssons Ramme- og Fotoforretning frå 1937-39. Seinare — fra 1939 til 1943 — hadde Ingolf Elisar Wessel Fredriksen brød- og kakeutsal her. Brødvarene som vart baka hjå Severin Hauge i Åbødalen, vart selde over disk i utsalet i Skulegata.
Etter at verkstaden kom til Skulegata, van det ei bedrift i jamn vekst. I tillegg til Brynjulf Molla og Øystein Solberg, som var med på flyttelasset frå Bru- til Skulegata, vart saudabuen Tore Fosstveit og vikedølen Leif Moberg tekne inn som møbelsnikkarar. Fosstveit var ein dugande handverkar. Han var ein kunstnar innanfor treskjering, men var i tillegg ein allsidig møbelsnikkar og var sjølvsagt med i skiproduksjonen. Det seier ikkje så lite om den veksande produksjonen i verkstaden at firmaet tilsette ein møbeltapetserar. Namnet hans var Sjur Opsahl. Arbeidet hans var hovudsakleg å laga trekk til ulike møblar, til dømes stolar, divanar osb., og dessutan brukte han mykje tid på å stoppa opp madrassar.
Under krigen vart det tilsett to unge saudagutar som seinare skulle syna seg å verta krumtappar i bedrifta: Olav Oftedal og Olav Dybing. Dei byrja som læregutar og vart seinare to dugande og allsidige handverkarar som førte Molla-namnet vidare då snikkarverkstaden vart etablert på Saunes.
Skiproduksjon
Me har tidlegare nemnt at det meste av det som vart produsert i verkstaden, vart laga på tinging fra kundar som hadde bruk for ulike slag av møbelutstyr i heimane. Ein god del av møbelproduksjonen vart i tillegg seld i møbelutsalet. Men verkstaden hadde ein spesialitet som gjorde Molla-namnet kjent langt utanfor bygdegrensene. Det var skiproduksjonen. Det firmanamnet som var å lesa under skia, var Noregs ski – Andreas Molla, Sauda. Askeskia til Molla stod for kvalitet, og etterspurnaden skaut i vêret etter at skimerket var premien på ei varemesse på Sand. Heideren førte med seg at «Molla-skia» også vart selde til andre landsdelar, til dømes til Oslo-området. Seinare måtte treslaget ask vika for hickory. Blant oss som voks opp i Sauda, var askeskia frå Molla-verkstaden populære. Dei kunne brukast som hopp- og langrennski og jamvel i slalåmbakken. Og var ein så uheldig å få eit skibrekk, fekk ein lappa dei saman hjå Molla. Pa verkstaden der hadde dei utvikla ein fin lappeteknikk som dei kalla for fingerskøyt. Det var så fagmessig godt utført at det var mest uråd å seia at skiet var lappa.
Etter kvart tykte Andreas Molla det var slitsamt å ha ansvar både for forretning og verkstad. Det førte til at dei tre nøkkelpersonane: Brynjulf Mella, Olav Oftedal og Olav Dybing overtok verksemda i verkstaden. Produksjonen der vart altså skilt ut frå drifta i møbelutsalet. I fyrstninga var planen å utvida sjølve verkstadarealet med å byggja ut på baksida. Men denne løysinga lukkast ikkje. Derfor kjøpte dei tomt på kommunal grunn på Saunes. Dei fekk løyve til å ta Molla-namnet med seg og grunnla i 1963 Molla Snikkarverkstad.
Korleis gjekk det med møbelutsalet i Skulegata? Naturleg nok innlemma Andreas Molta både verkstaden og det lange og smale butikkutsalet inn i møbelhandelen. Men dette var berre ein liten vekst i samanlikning med utvidinga seinare. I 1970 overtok Tor Geir Molla, son til Brynjulf Molla, både hus og forretning. Han har skapt Molla Møbel om til ei forretning med dimensjonar. Dette vart gjort mogeleg då han i 1983 bygde på huset, Utvidinga skjedde i retning mot Kløver Hotell og Kafé. Resultatet vart to store forretningsareal både i fyrste og andre høgda. Med dette løftet skapte Tor Geir Molta ein møbelhandel i sentrum av Øyra der saudabuen kan velja møbelutstyr i eit rikt og variert vareutval.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.