Sauda i vikingtida

I år er det 1150 år sidan slaget i Hafrsfjord då Harald Hårfagre samla landet til eit rike. Så seier i alle fall soga. Då er det naturleg at jubileet blir ekstra heftig markert her i Rogaland. Og det blir det, med ein jubileumsfest som varer i heile elleve dagar til ende, med programstart i Haugesund 9. juni, og avslutting i Hafrsfjord 19. juni.

Vi i Sauda sogelag tjuvstartar jubileet alt på tysdag. Då blir vikingtida tema i Storesalen på Folkets Hus med lokalhistorikaren framfor nokon annan i Sauda, Arnvid Lillehammer. Han har sjølv valt overskrifta for kvelden: «Sauda i vikingtida – kan me seia noko om det?». Og han fortel at han vil freiste å svare både på det spørsmålet og fleire andre om Sauda meir enn tusen år tilbake i tid. Arnvid seier han vil kome inn på den generelle bakgrunnen for denne perioden i landet vårt si historie, og så vil han kome nærmare inn på Sauda si vikinghistorie. Han vil ta utgangspunkt i dei få gjenstandane frå denne tida som er funne i kommunen. Han nemner mellom anna sølvskatten som blei funne under Staurhidler, like bak rådhuset ein gong på 1800-talet. Og så seint som i 1944 kom Paul Austarheim over ein gullbrakteat i åkeren på garden hans på Teig. Kan desse og andre funn fortelje oss noko om bygda vår, og korleis folk levde så langt tilbake i tida? Vi reknar med at Arnvid, som jo er utdanna arkeolog, vil grave fram svar på desse og mange andre spørsmål om Sauda i vikingtida.

Denne gongen blir det ikkje musikk i pausen. «Vikingarna» kunne ikkje kome. Men ein matbit og te eller kaffi til alle, det blir det heilt sikkert. Ver velkomne til vikingkveld på Folkets Hus.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 26. april
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Storesalen, Folkets Hus

Kva vil du lesa om?

Skriftstyret skal planleggja nye årsskrift og ønskjer nå å høyra frå lesarane.

Kva er det som fengjer? Er det noko ein skulle hatt meir/mindre av? Har du tips om eit tema som burde vore med, og kanskje også kven som kunne skriva ein artikkel? Er det for mange eller for få bilete? Har du andre innspel til årsskrifta?

Gi tilbakemelding!

Kjekt om du vil bruka nokre minutt på å fylla ut skjema under. Du treng ikkje oppgje namn (undersøkinga er anonymisert).

Gå tilbake

Meldinga er sendt

Takk for at du deltok i undersøkinga! Med helsing skriftstyret
Advarsel
Advarsel
Kva tema interesserer deg mest? (her kan du kryssa av fleire)(påkrevet)
Advarsel
Advarsel
Kven er du som lesar?(påkrevet)

Advarsel
Kjønn(påkrevet)

Advarsel
Alder(påkrevet)

Advarsel

Advarsel!

God jul!

Sogelaget vil med dette ønskje alle ei god jul!


Frå anleggsdrifta til Saudefaldene, mars 1916: «Barakker og stall ved Dalvatnet».

Biletet tilhøyrer Sauda lokalarkiv / Ryfylkemuseet.

Klikk på biletet for å sjå det i større oppløysing.