Sogelagsdag på Sand – 17. august
I høve sogelaget sitt 40-årsjubileum vil me invitera medlemmene våre til jubileumstur til Eidsborg i Telemark tysdag 20. august.
Dette blir ein dagstur med buss. Avreise kl 08.00 frå Sauda. Me er tilbake i Sauda ca kl 19.00.
Pris 200 kr + middag.
Bindande påmelding innan 5. august.
Meld deg på ved å ta kontakt med Aslaug Astad (tlf 94822022 / epost astad.aslaug@gmail.com) eller ved å fylla ut skjema under.
Meir informasjon om turen kjem i Ryfylke 30. juli.
☑ Eg er medlem i sogelaget, og vil vera med på tur!
KFUK / KFUM i Sauda bygde i si tid ei hytte i Maldal. For ein god del år sidan vart hytta teke over av KFUK / KFUM på Karmøy og for eit par år sidan vart ho seld til private.
Onsdag etter påske, merk deg dagen, kjem Annelise Skoglund Welde og Anne Grete Hagen i sogelaget. Begge er godt kjende av mange saudabuar. Annelise vaks opp i Åbøbyen på 1950-talet. Då ho reiste frå bygda i 1962, var det for å skaffe seg utdanning. Ho ville bli telegrafist til sjøs. Og det blei ho.
Anne Grete var prest i Sauda frå 1981 til i 1986. Så reiste ho vidare til eit nytt kall, denne gongen som sjømannsprest i London. Ho braut barrierar, i Sauda var ho den første kvinnelege presten. Så blei ho den første kvinnelege sjømannspresten.
Begge gjestane våre valde jobbar i mannsdominerte maritime miljø. Både presten og «gnista» fekk erfare sannheita i songstrofa «Min båt er så liten og havet så stort». Og mykje av det Annelise Skoglund Welde og Anne Grete Hagen har erfart, vil dei dele med oss i kantina på Sauda ungdomsskule denne onsdagskvelden når påska er over.
Og som vanleg i sogelaget, blir det tid til sogelagsmat og drøs. Allsongen då? Jo kanskje blir det ein om ein liten båt og eit stort hav? Ver velkomne.
– Roar Lund
Dato: Onsdag 24. april
Tid: Kl 19:00
Stad: Kantina på ungdomsskulen
Tysdag er det tid for lokal litteraturhistorie i sogelaget. Saman med litteraturforskaren Heming H. Gujord skal vi tilbake til 1970-talet, det tiåret Kjartan Fløgstad verkeleg markerte seg som ein av landets fremste forfattarar, høgt skatta og kritikarrost. Det heile toppa seg i 1977 då Fløgstad fekk Nordisk råd sin litteraturpris for romanen Dalen Portland. Sjølv om hendingane i romanen var lagt til «Lovra», var få saudabuar i tvil – dei kunne juble for romanen om heimbygda og for ein gjæv pris til deira «eigen» forfattar. Men jubelen hadde ikkje alltid stått i taket for Fløgstad-litteraturen. Både då Fangliner kom ut i 1972 og, ikkje minst då romanen Rasmus kom to år seinare, rasa fleire i lokalsamfunnet mot både språkbruk og innhald i bøkene til Kjartan. Debatten sto snart i «Fyr og flamme».
Dei som vil vete meir om korleis sambygdingane tok i mot verka til Kjartan Fløgstad er velkomne til Eldresenteret tysdag. Då kan dei høyre kva Heming H. Gujord har å seie om saka. I fjor gav han ut boka «Fløgstad verk», ein omfattande analyse av heile Kjartan Fløgstad sin enorme litterære «produksjon». Han veit å fortelje korleis Ove Hølland tok verbalt nakketak på slektningen Kjartan. Og sanneleg veit han også korleis andre i bygda tok fram stridspennen og gjekk til skriftleg åtak på den unge forfattaren i lokalavisa.
Og som vanleg på sogelagsmøta er det sett av tid til ein kaffidrøs med litt å bite i. Det heile ramma inn av glad allsong. Ver velkomne.
– Roar Lund
Dato: Tysdag 19. mars
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret (Høllandstunet)