Jubileumstur for medlemmene i sogelaget til Eidsborg i Telemark

I høve sogelaget sitt 40-årsjubileum vil me invitera medlemmene våre til jubileumstur til Eidsborg i Telemark tysdag 20. august.

Dette blir ein dagstur med buss. Avreise kl 08.00 frå Sauda. Me er tilbake i Sauda ca kl 19.00.

Pris 200 kr + middag.

Bindande påmelding innan 5. august.

Meld deg på ved å ta kontakt med Aslaug Astad (tlf 94822022 / epost astad.aslaug@gmail.com) eller ved å fylla ut skjema under.

Meir informasjon om turen kjem i Ryfylke 30. juli.


 

Eg er medlem i sogelaget, og vil vera med på tur!

← Tilbake

Takk for svaret ditt. ✨

 

KFUK/KFUM-hytta

KFUK / KFUM i Sauda bygde i si tid ei hytte i Maldal. For ein god del år sidan vart hytta teke over av KFUK / KFUM på Karmøy og for eit par år sidan vart ho seld til private.

Den nåverande eigaren er svært interessert i å koma i kontakt med folk som kjenner historia til hytta frå den første tida. Han har alle hyttebøkene så nær som den første og manglar difor ein del av hyttehistoria.
Kan du hjelpa med opplysningar om hytta eller om namn på folk du trur
kan ha opplysningar, ta kontakt med Knut Bendik Storesund, tlf 95777838.

Prest og gnist i sogelaget

Onsdag etter påske, merk deg dagen, kjem Annelise Skoglund Welde og Anne Grete Hagen i sogelaget. Begge er godt kjende av mange saudabuar. Annelise vaks opp i Åbøbyen på 1950-talet. Då ho reiste frå bygda i 1962, var det for å skaffe seg utdanning. Ho ville bli telegrafist til sjøs. Og det blei ho.

Anne Grete var prest i Sauda frå 1981 til i 1986. Så reiste ho vidare til eit nytt kall, denne gongen som sjømannsprest i London. Ho braut barrierar, i  Sauda var ho den første kvinnelege presten. Så blei ho den første kvinnelege sjømannspresten.

Begge gjestane våre valde jobbar i mannsdominerte maritime miljø. Både presten og «gnista» fekk erfare sannheita i songstrofa «Min båt er så liten og havet så stort». Og mykje av det Annelise Skoglund Welde og Anne Grete Hagen har erfart, vil dei dele med oss i kantina på Sauda ungdomsskule denne onsdagskvelden når påska er over.

Og som vanleg i sogelaget, blir det tid til sogelagsmat og drøs. Allsongen då? Jo kanskje blir det ein om ein liten båt og eit stort hav? Ver velkomne.

– Roar Lund


Dato: Onsdag 24. april
Tid: Kl 19:00
Stad: Kantina på ungdomsskulen