Onsdag etter påske, merk deg dagen, kjem Annelise Skoglund Welde og Anne Grete Hagen i sogelaget. Begge er godt kjende av mange saudabuar. Annelise vaks opp i Åbøbyen på 1950-talet. Då ho reiste frå bygda i 1962, var det for å skaffe seg utdanning. Ho ville bli telegrafist til sjøs. Og det blei ho.
Anne Grete var prest i Sauda frå 1981 til i 1986. Så reiste ho vidare til eit nytt kall, denne gongen som sjømannsprest i London. Ho braut barrierar, i Sauda var ho den første kvinnelege presten. Så blei ho den første kvinnelege sjømannspresten.
Begge gjestane våre valde jobbar i mannsdominerte maritime miljø. Både presten og «gnista» fekk erfare sannheita i songstrofa «Min båt er så liten og havet så stort». Og mykje av det Annelise Skoglund Welde og Anne Grete Hagen har erfart, vil dei dele med oss i kantina på Sauda ungdomsskule denne onsdagskvelden når påska er over.
Og som vanleg i sogelaget, blir det tid til sogelagsmat og drøs. Allsongen då? Jo kanskje blir det ein om ein liten båt og eit stort hav? Ver velkomne.
– Roar Lund
Dato: Onsdag 24. april
Tid: Kl 19:00
Stad: Kantina på ungdomsskulen