Tysdag er det tid for lokal litteraturhistorie i sogelaget. Saman med litteraturforskaren Heming H. Gujord skal vi tilbake til 1970-talet, det tiåret Kjartan Fløgstad verkeleg markerte seg som ein av landets fremste forfattarar, høgt skatta og kritikarrost. Det heile toppa seg i 1977 då Fløgstad fekk Nordisk råd sin litteraturpris for romanen Dalen Portland. Sjølv om hendingane i romanen var lagt til «Lovra», var få saudabuar i tvil – dei kunne juble for romanen om heimbygda og for ein gjæv pris til deira «eigen» forfattar. Men jubelen hadde ikkje alltid stått i taket for Fløgstad-litteraturen. Både då Fangliner kom ut i 1972 og, ikkje minst då romanen Rasmus kom to år seinare, rasa fleire i lokalsamfunnet mot både språkbruk og innhald i bøkene til Kjartan. Debatten sto snart i «Fyr og flamme».
Dei som vil vete meir om korleis sambygdingane tok i mot verka til Kjartan Fløgstad er velkomne til Eldresenteret tysdag. Då kan dei høyre kva Heming H. Gujord har å seie om saka. I fjor gav han ut boka «Fløgstad verk», ein omfattande analyse av heile Kjartan Fløgstad sin enorme litterære «produksjon». Han veit å fortelje korleis Ove Hølland tok verbalt nakketak på slektningen Kjartan. Og sanneleg veit han også korleis andre i bygda tok fram stridspennen og gjekk til skriftleg åtak på den unge forfattaren i lokalavisa.
Og som vanleg på sogelagsmøta er det sett av tid til ein kaffidrøs med litt å bite i. Det heile ramma inn av glad allsong. Ver velkomne.
– Roar Lund
Dato: Tysdag 19. mars
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret (Høllandstunet)