Kjartan Fløgstad i sogelaget

Måndag markerer Sauda sogelag det europeiske kulturarvåret og Kulturminnedagane 2018. Den nasjonale kulturminneforeininga spør kva er norsk og korleis har lokalsamfunnet blitt påverka i møte med verda, folk og andre kulturar. Kanskje er det som er typisk norsk likevel ikkje berre norsk?

Når no Kjartan Fløgstad kjem til sogelaget, vil han peike på den store vifta av politisk og kulturell påverknad utanfrå som har sett sitt preg på Sauda-samfunnet. Og då tenkjer han ikkje berre på korleis den amerikanske industrietableringa i bygda for meir enn hundre år sidan endra Sauda og framleis formar oss. Kva førte til dømes dei pietistiske straumdraga  på slutten av 1800-talet til av kulturelle endringar i det førindustrielle Sauda? Og kva hadde det å seie at Sauda kommunale kino i etterkrigstida gjennom kinoduken vart ei opning til den store verda?

Kjartan har valt Mangan i granitten og andre lokale fjernlån som overskrift denne måndagskvelden på Eldresenteret. Så blir det servert sogelagsmat. Typisk norsk? Neppe, for kor kjem kaffien frå? Og allsongen – kven har skrive melodiane, kanskje fjernlån, dei og?

Lån eller ikkje lån – alle er velkomne til sogelagsmøtet med Kjartan Fløgstad.

 

– Roar Lund


Dato: Måndag 17. september
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret (Høllandstunet)