Kor vart dei av? «Utanfor Storskjer låg resten av verda»

Kor blei det av han mellomste sonen til Bjørg og Olav? Han som for avgarde til Bergen for å studere geofysikk ? Han hamna vel i oljå, guten, med eit sånt fag i bagasjen? Ja, sånn kan snakket ha gått i heimbygda, om ein ikkje visste betre. No kan alle interesserte få vete kva vegar Sveinung tok då han runda Storskjer ein seinsommardag i 1982. For tysdag 9. oktober kjem han i sogelaget for å fortelje kva som etter kvart møtte han der ute i den store verda og kva vegar han følgde, nokre planlagde, nokre  meir eller mindre tilfeldige.

Hamna han i oljå, då? Nei, langt derifrå, snarare tvert i mot, kan ein vel seie. Kor langt derifrå får dei som kjem i sogelaget denne tysdagskvelden vete. Men så mykje kan vi røpe, at det blei både departementsbyråkrat og idrettspolitikar av oftedalsguten. Og lurar nokon på kvifor møtet med Sveinung er flytta frå planlagde 16. oktober, så kan vi fortelje at det skuldast at akkurat den dagen sit han i London og leiar internasjonale  klimaforhandlingar i FN sin internasjonale sjøfartsorganisasjon, IMO. Det er ikkje rart at Sveinung Oftedal har sett som overskrift   ”Utanfor Storskjer låg resten av verda” for denne tysdagskvelden i Eldresenteret.

Og sjå no om det ikkje blir både sogelagsmat også denne kvelden. Ver velkomne, alle saman.

– Roar Lund


Dato: Tysdag 9. oktober
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret (Høllandstunet)