Sogelaget feirar Sauda idrettslag

Sauda idrettslag er 100 år i 2019. Dei feirar med jubileumsfest i Folkets Hus neste fredag og med gratis hundreårssoge til alle husstandane i kommunen. Men alt tysdag har Sauda sogelag invitert bygda sin eigen idrettshistorikar, Kåre Rød for å dele forteljinga om idrettsjubilanten. Kåre har valt ein omfattande tittel på foredraget denne kvelden på Eldresenteret: Om samfunnsengasjement, MOT, stolte augeblikk og betre helse i 100 år. Han byr på ein «Rød mix» som vil vise at kvaliteten på eit godt idrettslag kan målast på meir enn berre gode idrettsresultat. For like godt som vi hugsar prestasjonane til John Helle i Holmenkollen, hugsar vi dugnadsinnsatsen i hoppbakken til Finn Bugge Kjellsen.

Det er ikkje min plan å servere ei langdryg opprekning av medaljar, rekordar og prestasjonar, sjølv det også må nemnast, seier Kåre Rød.

I staden vil han fortelje frå ei allsidig historie med fokus på kva laget har betydd for lokalsamfunnet vårt. Stikkord er identitet, vennskap, fellesskap og solidaritet.

Og så er det sett av tid til årsmøte i sogelaget, med dei vanlege årsmøtesakene. Valkomiteen har gjort ein god jobb, for dei har alle namna klare til vala.

Ein skulle kanskje tru at det på eit møte der idrettslaget skal feirast blir servert kakao og matpakke, men slik blir det ikkje. Som vanleg blir det kaffi og sogelagsmat. Og allsong. Ver velkomne.

– Roar Lund


Dato: Tysdag 19. februar
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret (Høllandstunet)