Me startar opp igjen i august

Etter ein lang koronapause prøver me nå så smått å koma i gong igjen med eit par arrangement i august for medlemmer av sogelaget.

Vårmøtet på Tinghaug måtte utsetjast, men er nå planlagt til tysdag 18. august. Dette er eit utemøte der Ole Hovland vil kåsera om Samuel Tveit.

I samband med at det er 60 år sidan Røldalsvegen opna, planlegg me ein tur over fjellet til Røldal tysdag 25. august. 

Det kjem meir informasjon og utfyllande program om arrangementa i Ryfylke i byrjinga av august. Me legg også ut informasjon på nettsida.

Me vil med dette ønskja alle ein GOD SOMMAR!

– styret


Biletet øvst er eit gamalt postkort frå Røldalsvegen. Utsikt over Røldalsvatnet.