Åborg

Brugata 16

gnr 28 / bnr 45
Byggjeår: 1928-29
Bruk: Kolonial, pølsemakeri

Ordin Skorpe, som hadde kjøpt Peder Johnsen sitt hus Heimlund i 1918, fekk snart plassproblem. I 1925 søkte han om å få utvida uthuset, men fekk avslag med den grunngiving at «gaardsrummet allerede er for litet efter bygningslovens forskrifter».

Han kjøpte ny tomt i Brugata og sende i 1928 melding til bygningskommisjonen med opplysning om at det var planlagt «vaaningshus, garage og pølseri». Bygget skulle oppførast av sementblokker. Byggmeister var Ordin Jakobsen. Eigedomen fekk namn «Årborg». Det hadde to åtskilde lokale, eit for kolonialvarer og eit for kjøtvarer. Helserådet hadde sett forbod i 1933 mot å selja ferskt kjøt og kolonialvarer i same lokalet. Skorpe hadde forresten to skilde lokale også i det første huset sitt. På tomta der det nye huset vart bygt, hadde han ei tid hatt ei pølsebu ståande. Han søkte i mai 1928 om å få lov til å flytta bua til området mellom dei to bedehusa. Men bygningskommisjonen sa nei «da den anser skur av denne art skjæmmende og generende».

Her ser me Åborg fra baksida. Åborg er huset midt i biletet, med eit opplett på taket.

Pølsemakeriet vart bygt samtidig med huset, men slakteri vart det ikkje aktuelt å setja opp ved det nye huset heller. Det ville koma for nær naboane. Slaktinga gjekk føre på Tongjen den første tida. Skorpe hadde hest den tida han heldt til i «Heimlund». Det var før bilen si tid i Sauda. Hesten var så van med å dra kjerrelassa til og fra Tongjen at dei trong ikkje rora taumane. Seinare bygde kommunen eit slaktehus nær Øgreidlageret. Då Fellessalget bygde slakteri nede ved kaien, omkring 1960, slutta Skorpe å slakta. All slakt måtte etter den tid kontrollerast ved fellesslakteriet.

I 1954 var tida komen for utviding. Det vart i 1956/57 sett opp eit utvida tilbygg med betre plass for pølsemakeriet, røykeriet og fryseriet. Dette er i bruk den dag i dag (1999). Men røykerommet har i seinare tid fått installert automatisk røykeomn. Men framleis vert all kaldrøyk røykt på den gamle måten fordi det gir betre smak.

På den tid hadde sonen Ole, f. 1921, for lengst byrja å arbeida saman med foreldra. Han byrja å hjelpa til alt då han var 14-15 år, og var utlærd slaktar då han var nitten år. 1939-41 gjekk han på Uldals Handelsskole i Stavanger, og frå den tid var det helst han som tok seg av forretningane saman med mora, medan faren ofte reiste rundt i distriktet for å kjøpa inn slakt og kjøtvarer. I forretninga fann han også kona si. Lea Maldal byrja å arbeide i butikken i 1950, og dei gifte seg i 1955. Same året overtok han forretninga formelt. Lea heldt fram å arbeide i forretninga til ca 1990.

Vonheim er hus nr 3 frå venstre. Foto: Asle Leidland

Utover 1970-åra vart det igjen aktuelt å utvida. Sjølvbetjening og eit aukande varetilbod kravde stadig meir plass. Då naboeigedomen Vonheim var til sals i 1976, var det berre å slå til. Det var ikkje råd å bygga dei to husa saman, så «Vonheim» vart rive. Men materialane vart i stor utstrekning nytta. Det nye huset, som vart bygt saman med «Åborg» i 1981 vart murt opp av lecablokker. Murmeister Aardal var byggeleiar. Skorpe ville helst ha valma tak på den nye delen. Men på den tid tillet ikkje bygningsføresegnene valma tak på nybygg på Øyra. Det skulle berre vera flate tak på nye hus.

I 1989 kjøpte Skorpe Nørgaardhuset, eit murhus som det var enkelt å bygge saman med «Årborg». Og endeleg i 1998 fekk Skorpe tilbod om å kjøpa «Sortun», Tvedtenhuset, som lag til Torggata. Dette huset, som vart bygt i 1954, vart rive. Og dermed vart det rom for ei ny utviding av butikklokala og overbygg over varemottaket med to nye husvære. Olav Bergjord ingeniør og arkitektkontor laga teikningane. Brødrene Selvik A/S ved Ola Hårajuvet var hovudentreprenør. Resultatet vart at det langstrakte bygningskomplekset «Kiwi» fekk ein tiltalande fasade i «bakgarden» mot Torgata. Samstundes vart  parkeringsproblemet løyst ved at Skorpe fekk leige parkeringsplass av Walla Henriksen.

«Nå har me nok butikkareal og stor nok parkeringsplass», seier den nåverande eigaren, Ordin Skorpe. Som faren, kom han tidleg med i verksemda. Han byrja å vera med i arbeidet då han var 15 år. Det var i 1970. I 1972 tok han eksamen ved handelsskulen i Sauda, og i 1991 tok han over daglegvarehandelen. Faren, Ole, hadde kjøthandelen til 1996. Ordin tok då over også denne avdelinga. Samtidig gjekk forretninga ut or butikkkjeden Rema 1000 og inn i Kiwi. Rema inkluderte nemleg ikkje kjøthandel, «og i tillegg står eg, som eigar, noko friare i Kiwi», seier Ordin Skorpe, som representerer 3. generasjon i leiinga av det gamle handelshuset.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.