Brugata 1
gnr 28 / bnr 165 |
Byggjeår: 1938 |
Bruk: Kolonial |
Forgjengaren til Sauda Forbrukslag, eller «Forbruken» som ein seier i Sauda, var Sauda Kooperative Handelsforretning som vart skipa i 1917. Forretninga kjøpte huset til J. N. Aartun. Diverre var det ikkje noko lønsamt føretak. Tidene var vanskelege, og det som forverra situasjonen, var at fabrikken — E.F.P. — opna eigen forretning, Sauda Varelager. Frå 1928 var namnet Grand Kolonial. «Varelageret» låg strategisk til i Ahøbyen og trekte til seg ein stor kundekrins som hadde tilknyting til E.F.P. Konkurransen vart for hard, og Sauda Kooperative Handelsforretning måtte leggja inn årene i 1919. Konkursen var ikkje til å unngå. Handelsverksemda vart avvikla, og i konkursraset gjekk også huset tapt og vart seld til nye eigarar.
Det fyrste samvirkelaget i bygda hadde altså berre ei stutt levetid. Men samvirketanken var ikkje død, og allereie i 1919 kjøpte dei fyrste samvirkepionerane det huset Njel Lofthus hadde sett opp i Brugata, det nåverande «Presanghuset». Men diverre, det enda med konkurs denne gongen også. Då gjekk ein flokk bønder saman, skipa Sauda Forbrukslag i 1920 og kjøpte huset i 1922. På folkemunne var huset ofte omtala som «Bøndernes Hus».
Det var bønder som dominerte i det fyrste styret: Østen Ø. Birkeland, Bjarne Birkeland, Mons Handeland, Njel Lofthus og Gunnar G. Søndenå. Det er altså 1920 som er skipingsåret for Sauda Forbrukslag. Dei fyrste åra var vanskelege, laget måtte selja huset, men krisa ser ut til å vera overvunnen i 1927. Då Sauda Fabrikkarbeiderforening vart skipa i 1924, synte foreningen i fyrstninga ei lunken haldning overfor Forbrukslaget. Det var fyrst etter at krisa var overvunnen i slutten av tjueåra, at Fabrikkarheiderforeningen oppmoda medlemene å gjera innkjøpa sine i Sauda Forbrukslag. Og gradvis er det leiarane i arbeidarrørsla som kjem til å dominera i styret for samvirkelaget, og størsteparten av kundekrinsen vart rekruttert frå arbeidarklassen.
I 1932 flytter Sauda Forbrukslag frå «Bøndernes Hus» over til huset Lundvang. Men det var berre ein «mellomstasjon». Kundekrinsen og omsetnaden voks, og på andre sida av gata hadde «Forbruken» sikra seg ei av dei beste tomtene pa Øyra.

Det romslege murhuset som vart reist i krysset mellom Bru- og Skulegata ved årsskiftet 1937/38, var den gongen det mest moderne forretningsbygget i bygda. Det var eit hus som synte godt att i gatebiletet og bar preg av å vera eit bygg som på den tid meir høyrde heime i ein by. Når det gjeld sjølve fasaden, er det serleg ei endring ein legg merke til når ein ser på bilete av bygget frå for krigen. Tidlegare var hovudinngangen midt på fasaden mot Brugata, medan han i dag er flytt til hjørnet som vender ut mot Skulegata.
Det var eit breitt og variert varetilbod Forbrukslaget kunne tilby samvirkekundane. Forretninga vart inndelt i ulike avdelingar. Den største og dominerande delen var sjølvsagt avdelinga for daglegvarer eller kolonialvarer. I tillegg var det utsal for kaker og brød, som vart haka i eige bakeri og konditori. Vidare var det utsal for kjøtvarer. Forbrukslaget hadde jamvel eige slakteri og pølsemakeri. Som om ikkje dette var nok, var det vidare ein avdeling for glas og steintøy. Ekspansjonen gjekk stadig vidare, med åra vart det eit utsal for manufaktur og skotøy. Me har tidlegare nemnt den tilknytinga Sauda Forbrukslag hadde til bøndene, og laget hadde ein flokk bønder i kundekrinsen. På «Forbruken» kunne dei kjøpa både kraftfôr, gjødning og kalk. Det meste folk hadde bruk for i kvardagen, var å få kjøpt i denne moderne forretninga.
Handelsverksemda gjekk for seg både i fyrste og andre høgda. Men ein del av andre høgda vart i mange år — frå 1938 til 1955 — leigd bort til tannlækjarparet Hans og Ågot Stoltenberg. Dei hadde både tannklinikk og bustad i den høgda.
Men handelsverksemda var ikkje berre avgrensa til eige bygg på Øyra. Me har tidlegare nemnt at Forbrukslaget hadde eige slakteri. Det vart avvikla då kommunen bygde slaktehus. Men handelen gjekk så godt at laget forsøkte å auka omsetnaden med å oppretta to filialar i utkantane av bygda, ein på Birkeland i 1955 og ein på Rød i 1966. Som om ikkje dette var nok, fusjonerte Forbrukslaget seg med handelslaget i Saudasjøen. Men verksemda utanfor bygget på Øyra omfatta ikkje berre vanleg forretningsdrift. Jamvel kafedrift prøvde Sauda Forbrukslag seg på! Fra 1946-63 dreiv laget kafé Samvirke i andre høgda pa Det gamle Folkets Hus. Det var ein populær kafé som hadde stor flokk faste middagsgjester. Kaféen var kjent for velsmakande mat, og det var eit sakn for mange då han vart nedlagd.

Sauda Forbrukslag har heile tida passa på å fylgja med i utviklinga innanfor varehandelen. Det var utan tvil eit stort steg framover då forretninga 1 1953 gjekk over til å la kundane «ekspedera» seg sjølve. Det som vert omtalt som «selvbetjening». Mange åtvara mot denne form å handla på, men utviklinga etterpå har synt at denne handlemåten slo igjennom over alt.
Det skulle med tida syna seg at alle avdelingane Forbrukslaget hadde for ulike vareslag, hadde sine ulemper. Det vart etter kvart vanskeleg å konkurrere med spesialforretningane som konsentrerte seg om eitt vareslag og som derfor hadde eit stort utval. I Sauda var det spesialforretningar for alt mogeleg: glas og steintøy, konditorvarer, manufaktur og skotøy osb. Utviklinga i dei seinare åra har gått i den retning at Sauda Forbrukslag sit att med to store avdelingar: Supermarknaden i fyrste høgda som har eit breit utval av mange vareslag, ikkje berre vanlege kolonialvarer, også mykje anna som ein finn i ein supermarknad. I andre høgda er det innreidd eit vidt lokale for fjernsynsapparat, radio og elles det meste av elektrisk utstyr og reiskapar.
For å gjera handelsverksemda meir lønsam fann styret i Sauda Forbrukslag ut det var mykja å vinna med å gå inn i ei «kjede». Det er moderne med fusjoneringar nå til dags. Det som vart gjort, var at Forbrukslaget vart ein avdeling under Haugesund og Omland S-lag. Det som var vinninga ved denne samanslåinga, var at det vart billigare å gjera felles innkjøp i store kvanta. I tillegg vart reklameutgiftene reduserte når heile «kjeden» gjekk ut med felles annonsar i avisene.
La oss sjå litt på namnet på denne forretninga me omtalar. Namnet har si eiga soge. Frå 1920 og framover var namnet Sauda Forbrukslag. Etter krigen vart namnet Sauda Samvirkelag. Etter fusjonen med Haugesund og Omland S-lag vart namnet fyrst endra til S-Marked Sauda. Endringa dei siste åra har ført til at forretninga nå (1999) heiter Mega Sauda, medan den elektriske avdelinga i andre høgda har namnet Ideel. Men framleis er det mange saudabuar som seier «Forbruken». Sjølv om forretninga er ei avdeling under Haugesund og Omland S-lag, tyder ikkje det at ein i Sauda har mista alt sjølvstyre. Avdelinga her har sitt eige styre og kan i mange saker gjera sjølvstendige vedtak. Sauda Forbrukslag har vore flink til å tilpassa seg i utviklinga innanfor handelslivet, og forretningsbygget har gått gjennom ominnreiingar, ombygging og påbygging. 11957 til dømes vart det sett opp eit garasjebygg. Kostnaden var kr. 237.000. Eit anna krafttak var påbygginga og ominnreiinga av forretningslokalet i 1967. Dette arbeidet var omfattande og kosta kr. 6.77.000. Det største løftet er gjort nå i 90-åra. Utvidinga har skapt forretninga om til eit moderne supermarknad. Kostnadene ligg ikkje føre, men resultatet er blitt at omsetnaden er gått kraftig opp.

Gjennom alle år har Forbrukslaget vore ein stor arbeidsplass. På det meste hadde bedrifta 28 tilsette. Etter våre tilhøve er det eit stort tal. Sauda Forbrukslag har hatt ein stor stab av flinke og trufaste menn og kvinner. Fleire av dei arbeidde i forretninga i mange tiår. Dei som handlar her, hugsar dei som var leiarar innanfor dei ulike avdelingane i årevis og som hadde kundetekke. Mange namn kunne nemnast, men faren ved å nemna namn når det gjeld så mange personar, er at det er så lett å gløyma nokon. La oss heller ikkje gløyma dei som var tilsette på filialane på Birkeland og Rød. Dei var også trufaste på sine arbeidsstader. Filialen på Birkeland vart avvikla i 1969, medan filialen pa Rød vart lagd ned i 1999.
Sauda Forbrukslag har dessutan vore flink til å knyta til seg dugande styrarar. Somme av dei stod i brodden for bedrifta i årevis og sette djupe spor etter seg. I ein omtale av dei som har vore lengst, kjem ein ikkje utanom Johannes Dalene. Han kom frå Saudasjøen Handelslag og vart tilsett ved Forbrukslaget allereie i 1930 og var styrar — bortsett frå ei stutt tid som styrar i Odda — heilt fram til 1955, då han døydde. Han som kom etter Dalene, var Nils Gjuvsland, som var tilsett som styrar i om lag 30 år. Av dei som har hatt lengst tid som styrar dei siste åra, tek me med Martin Sortland.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.