Veit du ikkje kva du skal gi til jul i år? Då kan me tipsa om nyaste årsskriftet frå sogelaget!
Det er i sal nå, og kan kjøpast hjå Sauda Libris, eller du kan ta kontakt direkte med Roar Lund.
Meir informasjon om årets årsskrift finn du her.
Veit du ikkje kva du skal gi til jul i år? Då kan me tipsa om nyaste årsskriftet frå sogelaget!
Det er i sal nå, og kan kjøpast hjå Sauda Libris, eller du kan ta kontakt direkte med Roar Lund.
Meir informasjon om årets årsskrift finn du her.
Tysdag kjem «gamlepresten» tilbake til Sauda. Arne O. Øystese var prest i Sauda frå 1992 til 2012. Då han kom til bygda, gjekk det ikkje lang tid før «alle» visste kven presten var. Sjølv var han også svært glad i å lære folk å kjenne.
Som prest fekk eg møte menneske ved dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd. Når ein dessutan er interessert i menneske, så var det framifrå høve til å bli kjend. Åra i Sauda var på denne måten særs verdifulle, seier Øystese.
Øystese er ein aktiv pensjonist no, med både sommarjobb og vinterjobb. Sist sommar vikarierte han i «Høga nord», i Trondenes prosti, og om nokre månader drar han og kona den andre vegen, mot sør. Han skal vere prest i sjømannskyrkja i Arguineguin på Gran Canaria.
Men før det vil altså Arne O. Øystese møte gamle soknebarn og alle andre interesserte i sogelaget. «Tjue år som prest i Sauda» er overskrifta denne tysdagskvelden. Ikkje tilfeldig har han sett «Menneske eg møtte» som undertittel.
Deretter blir det tid for sogelagsmat og kaffidrøs, før skriftstyraren slepp til for å presentere «Årsskrift for Sauda sogelag 2019». Og som vanleg, alt blir ramma inn av frisk allsong.
– Roar Lund
Dato: Tysdag 19. november
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret
Tysdag kjem Ola E. Bø til sogelaget. For mange er han sjølve «Røysta frå Sauda», ein velkjend radiostemme på 1980-talet. Han var også leiar i Noregs Mållag eit par år innimellom. Frå 1991 til han blei pensjonist, var han knytt til Det Norske Teatret som omsetjar, språkrettleiar og dramaturg.
– Frå Sauda, og så blei du ikkje metallurg, men dramaturg?
– Det stemmer det. Eg har hatt språket som arbeidsgjevar gjennom heile mitt yrkesaktive liv, svarar Ola E. Bø på telefon frå Oslo.
Etter at Ola gjekk ut av Sauda gymnas i 1967, gav han seg studia i vald i Bergen. Då hadde han alt med seg ei solid nynorskspråkleg ballast frå heimen. Både mor Marta og far Einar O. var språkmedvitne nynorskfolk, begge med bakgrunn frå folkehøgskular. Og så vaks interessa for nynorsken vidare i Sauda mållag i gymnastida.
Det er altså ikkje overraskande at Ola E. Bø har valt nett «Med språket som arbeidsgjevar» som overskrift denne kvelden. Tysdag får vi høyre meir om kor det vart av Ola E. Bø, og korleis yrkeskarrieren som arbeidskar for nynorsken arta seg.
Og så byr vi som vanleg på sogelagsmat og allsong. Og songtekstane blir på nynorsk – garantert.
– Roar Lund
Dato: Tysdag 22. oktober
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret
For dei som ønskjer å ta turen og sjå på dei nye skilta i Åbøbyen kan de finna informasjon om løypa + mykje meir på nettsida vår: sauda-sogelag.no/abobyen
Her kan du mellom anna: