31. august 2020 vedtok Riksantikvaren freding av ei rekkje kraftstasjonar i Noreg, deriblant Sauda III. Sauda sogelag har gjennom mange år engasjert seg i vern av denne flotte kraftstasjonen.
– Kraftverka blei arkitektoniske og tekniske symbol for nasjonsbygging, modernitet og framsteg. Nå tek me vare på eit utval av desse anlegga for ettertida, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Under: Bilete frå då riksantikvar Hanna Geiran besøkte Sauda i september 2019. Sauda sogelag tok henne med til Storlidammen og kraftstasjonen Sauda III.
Tysdag inviterer Sauda sogelag til medlemsmøte på Tinghaug. Det er Ole Hovland som vil fortelje om kunstnaren Samuel Tveit. Hovland vaks opp i Saudasjøen og møtte og intervjua Samuel Tveit ved fleire høve då han skreiv ei hovudoppgåve på gymnaset om kunstnaren i 1954.
Etter gymnastida flytta Ole Hovland frå Sauda for å få seg utdanning og jobb, men han heldt på kontakten med Samuel Tveit, og seinare med sonen Eigil. Hovland er pensjonist og bur på Jar like utanfor Oslo.
Møtet blir arrangert i samarbeid med «Interessegruppa for Samuel Tveit» og blir halde utandørs. Difor må alle ta med seg stol, mat og drikke. Og naturlegvis – alle må respektere dei koronareglane som til ei kvar tid gjeld.
Ver merksam på at møtet, som berre er for medlemmer i sogelaget, kan bli avlyst om veret ikkje blir bra nok. Vi stolar på Yr og tar endeleg avgjer før tysdagsavisa går i trykken. Så følg med i Ryfylke eller på heimesida vår før de tar turen til Tinghaug tysdag ettermiddag.
Åbø, bøane mellom elvane var bondelandet som blei by. Då driftige kraftspekulantar kring 1915 slo seg saman med amerikansk storindustri og slukte både fossefall, hamna der Søndenå rann ut og flatene ved Klubben, trong dei enda meir plass og armslag. For Stortinget hadde sett klåre vilkår for at Saudefaldene og Electric Furnace Company Ltd skulle få sette dei storindustrielle planane ut i livet. Selskapa var plikta til «å skaffe arbeiderne sundt og forsvarlig husrum». Det skulle bli ein «bymessig bebyggelse». Og etter kvert kom det som gjerne høyrer til i ein «by»: regulerte gater, parkanlegg, skule, sjukehus, bibliotek, forsamlingshus, idrettsanlegg og EFP sin eigen kolonialbutikk, Varelageret.
Forsamlingshuset var for funksjonærane. I Sauda klubb møttest dei som var «eigna» til det. Dei time løna møttest utanfor villabyen, på Folkets Hus. Arbeidsfolk flokka seg ikkje kring tennisbanen. Dei hadde sitt eige idrettslag, Sauda Arbeideridrettslag.
Ein gong visste dei som budde i Åbøbyen kor dei høyrde til i det sosiale hierarkiet. No er det meste av spora etter det institusjonaliserte klasseskiljet i Sauda borte.
Åbøbyen er eit pulserande, levande museum. Sjølv om hagebyen speglar industrihistoria i Sauda, er han også i stadig endring. Det er ikkje lenger ein funksjonær på smelteverket som bestemmer kven som skal få tapet på veggane og kven som må klare seg med måling. Inga Byavdeling klippar hekkar og målar hus for bebuarane.
No er det Åbøbyens vener som jobbar for å føre Parken tilbake til det han ein gong var – eit vakkert grøn lunge til glede for alle i bydelen. Ein venegjeng vil redde Sauda Klubb – foreininga som heldt til der er blitt historie. Varelageret er ein sosial møtestad. Og Åbøbyens bibliotek i etasjen over har for lengst levert boksamlinga si til det kommunale biblioteket. Tennisbanane er ubrukelege. Sauda Arbeideridrettslag og Sauda idrettslag la ned stridsøksa i 1939. Idrettslaget er for alle.
Sauda sogelag har gitt ut årsskrift kvart år sidan 1981. I dette skriftet har vi samla og redigert nokre av dei artiklane som har handla om Åbøbyen.
Redaktør Roar Lund
Berre Kirsten Hellerdal Fosstveit sin artikkel om Sauda Klubb er ny. Ein stor takk til alle artikkelforfattarane, og ein spesiell takk til Kirsten for god hjelp til å finne eigna biletmateriale.