Nytt opplag av boka om Åbøbyen er kome. Boka er til sals hos Sauda Libris eller ved å kontakte Roar Lund på telefon 95032183 eller e-post roar-lun@online.no eller ved å fylla ut bestillingsskjema (trykk på knappen under).

Nytt opplag av boka om Åbøbyen er kome. Boka er til sals hos Sauda Libris eller ved å kontakte Roar Lund på telefon 95032183 eller e-post roar-lun@online.no eller ved å fylla ut bestillingsskjema (trykk på knappen under).

31. august 2020 vedtok Riksantikvaren freding av ei rekkje kraftstasjonar i Noreg, deriblant Sauda III. Sauda sogelag har gjennom mange år engasjert seg i vern av denne flotte kraftstasjonen.
– Kraftverka blei arkitektoniske og tekniske symbol for nasjonsbygging, modernitet og framsteg. Nå tek me vare på eit utval av desse anlegga for ettertida, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Les meir på Riksantikvaren sine nettsider her.
Under: Bilete frå då riksantikvar Hanna Geiran besøkte Sauda i september 2019. Sauda sogelag tok henne med til Storlidammen og kraftstasjonen Sauda III.
I samband med at Røldalsvegen er 60 år i 2020, hadde vi planlagd ein busstur over fjellet til Røldal tysdag 25. august.
På grunn av koronapandemien må vi diverre avlyse turen i år. Vi håpar å få til turen neste år.
Roar Lund, skrivar
Tysdag inviterer Sauda sogelag til medlemsmøte på Tinghaug. Det er Ole Hovland som vil fortelje om kunstnaren Samuel Tveit. Hovland vaks opp i Saudasjøen og møtte og intervjua Samuel Tveit ved fleire høve då han skreiv ei hovudoppgåve på gymnaset om kunstnaren i 1954.
Etter gymnastida flytta Ole Hovland frå Sauda for å få seg utdanning og jobb, men han heldt på kontakten med Samuel Tveit, og seinare med sonen Eigil. Hovland er pensjonist og bur på Jar like utanfor Oslo.
Møtet blir arrangert i samarbeid med «Interessegruppa for Samuel Tveit» og blir halde utandørs. Difor må alle ta med seg stol, mat og drikke. Og naturlegvis – alle må respektere dei koronareglane som til ei kvar tid gjeld.
Ver merksam på at møtet, som berre er for medlemmer i sogelaget, kan bli avlyst om veret ikkje blir bra nok. Vi stolar på Yr og tar endeleg avgjer før tysdagsavisa går i trykken. Så følg med i Ryfylke eller på heimesida vår før de tar turen til Tinghaug tysdag ettermiddag.
Dato: Tysdag 18. august 2020
Tid: kl 1700
Stad: Tinghaug, Saudasjøen (kart)
Etter ein lang koronapause prøver me nå så smått å koma i gong igjen med eit par arrangement i august for medlemmer av sogelaget.
Vårmøtet på Tinghaug måtte utsetjast, men er nå planlagt til tysdag 18. august. Dette er eit utemøte der Ole Hovland vil kåsera om Samuel Tveit.
I samband med at det er 60 år sidan Røldalsvegen opna, planlegg me ein tur over fjellet til Røldal tysdag 25. august.
Det kjem meir informasjon og utfyllande program om arrangementa i Ryfylke i byrjinga av august. Me legg også ut informasjon på nettsida.
Me vil med dette ønskja alle ein GOD SOMMAR!
– styret
Biletet øvst er eit gamalt postkort frå Røldalsvegen. Utsikt over Røldalsvatnet.