Måløyelevane i sogelaget

Tysdag vitjar Jarl Wåge sogelaget. Han er ein av dei mange måløyungdomane som kom til Sauda for å gå på Sauda gymnas. Heime i Måløy hadde dei ein privat toårig realskule, men ikkje noko utdanningstilbod etter det. Difor kom ungdomane i flokk og følgje til Sauda for å skaffe seg utdanning. Dei fire første kom i 1962. Då Jarl var elev her, frå 1964 til 1967 var dei 11 med måløydialekt som budde på hyblar hos folk kring i bygda.

Eg vil fortelje om korleis det var å kome til Sauda som ung «innvandrar», kva vi reiste frå og kva vi kom til. Vi blei ikkje fullintegrerte, men vi var mange som budde på hyblar, og vi heldt godt saman.

Russekullet 1967 saman med tilsette ved skulen. Første rekkje f.v.: Hans Ludvik Bjerkli, Jan Olav Tveit, Bernt Stråtveit, Jan Reidar Årthun, Kjell Skeie, Birger Håheim, Ingvar Nørgaard, Odd Wiik, Torgeir Vetti, Ola E. Bø, Jarl Waage. 2. rekkje: Solveig Wiik, Astrid Skeie, Venke Hervik, Anne Marie Holvik, Berit Gismarvik, Torunn Fosstveit, Øygunn Friestad, Sissel Johnsen, Odd Austarheim, Eva Matland, Olaug Karin Mollatveit, Brit Johannesen, Astrid Dahl-Olsen, Geir Haus, Eli Therese Gaard. 3. rekkje: Trygve Torgersen, Nils Gilje, Svein Helgesen, Tor Erlig Sahr, Per Ole Verlo, Kjell Carr, Lars Gramstad, Tor Paulsen, Ingebrigt Botnen, Johan Bernt Steinsnes, Gunnar Kvalheim, Steinar Skagen, Helge Sæther, Sigbjørn Berge. Dei frå Måløy er Anne Marie Holvik, Per Ole Verlo, Helge Sæther, Gunnar Kvalheim og Jarl Wåge.

Etter pausen med drøs og god sogelagsmat held Jarl Wåge fram med forteljarforestillinga si. For nokre år sidan vann han StorySLAM sin store  forteljarkonkurranse på Rockefeller i Oslo. I haust har han turnert med førestillinga ”Vandrehistorier ­ ei fleire hundre kilometer lang førestilling”. Den erfarne kåsøren vil dele nokre få av desse kilometrane med oss.

Kanskje blir «Den glade vandrer» ein av songane denne kvelden. Ver velkomne til eit tilbakeblikk på 1960-talets Sauda.

 

– Roar Lund


Dato: Tysdag 30. oktober
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret (Høllandstunet)

Kor vart dei av? «Utanfor Storskjer låg resten av verda»

Kor blei det av han mellomste sonen til Bjørg og Olav? Han som for avgarde til Bergen for å studere geofysikk ? Han hamna vel i oljå, guten, med eit sånt fag i bagasjen? Ja, sånn kan snakket ha gått i heimbygda, om ein ikkje visste betre. No kan alle interesserte få vete kva vegar Sveinung tok då han runda Storskjer ein seinsommardag i 1982. For tysdag 9. oktober kjem han i sogelaget for å fortelje kva som etter kvart møtte han der ute i den store verda og kva vegar han følgde, nokre planlagde, nokre  meir eller mindre tilfeldige.

Hamna han i oljå, då? Nei, langt derifrå, snarare tvert i mot, kan ein vel seie. Kor langt derifrå får dei som kjem i sogelaget denne tysdagskvelden vete. Men så mykje kan vi røpe, at det blei både departementsbyråkrat og idrettspolitikar av oftedalsguten. Og lurar nokon på kvifor møtet med Sveinung er flytta frå planlagde 16. oktober, så kan vi fortelje at det skuldast at akkurat den dagen sit han i London og leiar internasjonale  klimaforhandlingar i FN sin internasjonale sjøfartsorganisasjon, IMO. Det er ikkje rart at Sveinung Oftedal har sett som overskrift   ”Utanfor Storskjer låg resten av verda” for denne tysdagskvelden i Eldresenteret.

Og sjå no om det ikkje blir både sogelagsmat også denne kvelden. Ver velkomne, alle saman.

– Roar Lund


Dato: Tysdag 9. oktober
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret (Høllandstunet)

Kjartan Fløgstad i sogelaget

Måndag markerer Sauda sogelag det europeiske kulturarvåret og Kulturminnedagane 2018. Den nasjonale kulturminneforeininga spør kva er norsk og korleis har lokalsamfunnet blitt påverka i møte med verda, folk og andre kulturar. Kanskje er det som er typisk norsk likevel ikkje berre norsk?

Når no Kjartan Fløgstad kjem til sogelaget, vil han peike på den store vifta av politisk og kulturell påverknad utanfrå som har sett sitt preg på Sauda-samfunnet. Og då tenkjer han ikkje berre på korleis den amerikanske industrietableringa i bygda for meir enn hundre år sidan endra Sauda og framleis formar oss. Kva førte til dømes dei pietistiske straumdraga  på slutten av 1800-talet til av kulturelle endringar i det førindustrielle Sauda? Og kva hadde det å seie at Sauda kommunale kino i etterkrigstida gjennom kinoduken vart ei opning til den store verda?

Kjartan har valt Mangan i granitten og andre lokale fjernlån som overskrift denne måndagskvelden på Eldresenteret. Så blir det servert sogelagsmat. Typisk norsk? Neppe, for kor kjem kaffien frå? Og allsongen – kven har skrive melodiane, kanskje fjernlån, dei og?

Lån eller ikkje lån – alle er velkomne til sogelagsmøtet med Kjartan Fløgstad.

 

– Roar Lund


Dato: Måndag 17. september
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret (Høllandstunet)

Merk datoendring!

Møtet med Sveinung Oftedal er flytta frå 16. oktober til 9. oktober. Tema for møte er det same:  «Kor vart dei av. Utanfor Storskjer låg resten av verda»

Busstur gjennom saudasoga

Sauda sogelag innleier haustsesongen laurdag 1. september med å invitere sogelaget i Suldal til ein «historierundtur» i Sauda. Også medlemmane i Sauda sogelag får plass i bussen, berre dei melder seg på i tide, det vil seie komande fredag.

Naturleg nok startar vi når suldølane kjem til kaien klokka elleve denne laurdagen. Så går ferda via Brekke med oversyn over Åbøbyen, til Allmannajuvet, Stasjon lll i Søndenåhavn, Åbøbyen og Folkets Hus før ho ender på Sauda Fjord Hotel. Der har vi utsikt til området der Nordag ein gong låg – og til eit middagsbord på hotellet. Sauda sogelag stiller med godt kompetente guidar med grundig kunnskap om alle stoppestadane.

Sauda sogelag har tidlegare hatt besøk frå sogelaga i Etne, i Ølen og i Odda. I år ønskjer vi våre næraste naboar i Suldal velkomne til ein busstur gjennom saudasoga.

Roar Lund


 

 Eg er medlem i sogelaget, og vil vera med på tur

← Tilbake

Takk for svaret ditt. ✨