Bli med sogelaget til Eidsborg

Sauda sogelag held fram med å feire 40-årsjubileet. No inviterer laget medlemane med på jubileumsferd med buss til Eidsborg i Telemark 20. august – fram og tilbake på dagen. For historieinteresserte er Eidsborg ei gullgruve med eit moderne, innhaldsrikt museum, både inne og ute. Museet har ei rik kunstsamling av landskjende kunstnarar. Og som det høver seg i Vest-Telemark, har bunadane frå distriktet fått ein sentral plass på museet.

Like ved museet ligg Eidsborg stavkyrkje, ei av dei best bevarte stavkyrkjene i landet. Kyrkja vart reist på 1200-talet. Kunnskapsrike guidar står til vår disposisjon både på museet og i stavkyrkja.

Og ei så lang kultur- og sogeferd er ikkje mogleg utan at dei reisande får noko å ete. Då passar det godt at museumsrestauranten er open for servering. På heimvegen går ferda om Rauland, og vi reknar med å vera heime før klokka åtte om kvelden.

Trykk her for info om påmeldingsfrist og andre praktiske opplysningar.

– Roar Lund


Dato: Tysdag 20. august
Stad: Eidsborg (buss frå Sauda)