Om Samuel Tveit i sogelaget

Tysdag inviterer Sauda sogelag til medlemsmøte på Tinghaug. Det er Ole Hovland som vil fortelje om kunstnaren Samuel Tveit. Hovland vaks opp i Saudasjøen og møtte og intervjua Samuel Tveit ved fleire høve då han skreiv ei hovudoppgåve på gymnaset om kunstnaren i 1954.

Etter gymnastida flytta Ole Hovland frå Sauda for å få seg utdanning og jobb, men han heldt på kontakten med Samuel Tveit, og seinare med sonen Eigil. Hovland er pensjonist og bur på Jar like utanfor Oslo.

Møtet blir arrangert i samarbeid med «Interessegruppa for Samuel Tveit» og blir halde utandørs. Difor må alle ta med seg stol, mat og drikke.  Og naturlegvis – alle må respektere dei koronareglane som til ei kvar tid gjeld.

Ver merksam på at møtet, som berre er for medlemmer i sogelaget, kan bli avlyst om veret ikkje blir bra nok. Vi stolar på Yr og tar endeleg avgjer før tysdagsavisa går i trykken. Så følg med i Ryfylke eller på heimesida vår før de tar turen til Tinghaug tysdag ettermiddag.


Dato: Tysdag 18. august 2020
Tid: kl 1700
Stad: Tinghaug, Saudasjøen (kart)

Me startar opp igjen i august

Etter ein lang koronapause prøver me nå så smått å koma i gong igjen med eit par arrangement i august for medlemmer av sogelaget.

Vårmøtet på Tinghaug måtte utsetjast, men er nå planlagt til tysdag 18. august. Dette er eit utemøte der Ole Hovland vil kåsera om Samuel Tveit.

I samband med at det er 60 år sidan Røldalsvegen opna, planlegg me ein tur over fjellet til Røldal tysdag 25. august

Det kjem meir informasjon og utfyllande program om arrangementa i Ryfylke i byrjinga av august. Me legg også ut informasjon på nettsida.

Me vil med dette ønskja alle ein GOD SOMMAR!

styret


Biletet øvst er eit gamalt postkort frå Røldalsvegen. Utsikt over Røldalsvatnet.

Dr Gramstad i sogelaget

Tysdag inviterer Sauda sogelag til det første møtet i 2020. Då får vi besøk av Sigved Gramstad som kjem for å fortelje om faren, Olav Gramstad sitt liv og virke i Sauda.

I meir enn førti år var doktor Gramstad sjølve legen i Sauda – alltid til teneste for liten og stor, ung og gamal, med ein arbeidskapasitet alle beundra. Han kom til bygda i 1939, slutta som distriktslege i 1975, men heldt fram med legepraksisen i Hellebygget til i 1985. Då var han 77 år gamal.

Sigved Gramstad blei også lege. No er han pensjonist i Haugesund, og tysdag tar han turen inn til Sauda og til sogelaget.

Eg vil presentere faren min på ein litt annan måte enn slik dei fleste saudabuane kjente han. Det blir vel nærast som eit uhøgtideleg kåseri om doktor Gramstad som pappa Olav, og om korleis eg opplevde hans store arbeidskapasitet, men også hans evne til å hente seg inn igjen etter strie arbeidsøkter.

Som vanleg når Sauda sogelag inviterer til møte i februar, blir det også sett av tid til å avvikle årsmøte med dei vanlege årsmøtesakene. Det nye i år er at både rekneskap og årsmelding er lagt ut på heimesida vår: sauda-sogelag.no Der kan alle som vil, gå inn og sjå korleis det står til med aktivitet og økonomi i laget.

Og også på møta i 2020 byr vi på sogelagsmat og allsong. Dei faste musikantane er allereie godt i gang med øvingane. Ver velkomne.

– Roar Lund


Dato: Tysdag 18. februar
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret

Øystese i sogelaget

Tysdag kjem «gamlepresten» tilbake til Sauda. Arne O. Øystese var prest i Sauda frå 1992 til 2012. Då han kom til bygda, gjekk det ikkje lang tid før «alle» visste kven presten var. Sjølv var han også svært glad i å lære folk å kjenne.

Som prest fekk eg møte menneske ved dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd. Når ein dessutan er interessert i menneske, så var det framifrå høve til å bli kjend. Åra i Sauda var på denne måten særs verdifulle, seier Øystese.

Øystese er ein aktiv pensjonist no, med både sommarjobb og vinterjobb. Sist sommar vikarierte han i «Høga nord», i Trondenes prosti, og om nokre månader drar han og kona den andre vegen, mot sør. Han skal vere prest i sjømannskyrkja i Arguineguin på Gran Canaria.

Men før det vil altså Arne O. Øystese møte gamle soknebarn og alle andre interesserte i sogelaget. «Tjue år som prest i Sauda» er overskrifta denne tysdagskvelden. Ikkje tilfeldig har han sett «Menneske eg møtte» som undertittel.

Deretter blir det tid for sogelagsmat og kaffidrøs, før skriftstyraren slepp til for å presentere «Årsskrift for Sauda sogelag 2019». Og som vanleg, alt blir ramma inn av frisk allsong.

– Roar Lund


Dato: Tysdag 19. november
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret

Bø i sogelaget

Tysdag kjem Ola E. Bø til sogelaget. For mange er han sjølve «Røysta frå Sauda», ein velkjend radiostemme på 1980-talet. Han var også leiar i Noregs Mållag eit par år innimellom. Frå 1991 til han blei pensjonist, var han knytt til Det Norske Teatret som omsetjar, språkrettleiar og dramaturg.

– Frå Sauda, og så blei du ikkje metallurg, men dramaturg?

– Det stemmer det. Eg har hatt språket som arbeidsgjevar gjennom heile mitt yrkesaktive liv, svarar Ola E. Bø på telefon frå Oslo.

Etter at Ola gjekk ut av Sauda gymnas i 1967, gav han seg studia i vald i Bergen. Då hadde han alt med seg ei solid nynorskspråkleg ballast frå heimen. Både mor Marta og far Einar O. var språkmedvitne nynorskfolk, begge med bakgrunn frå folkehøgskular. Og så vaks interessa for nynorsken vidare  i Sauda mållag i gymnastida.

Det er altså ikkje overraskande at Ola E. Bø har valt nett «Med språket som arbeidsgjevar» som overskrift denne kvelden. Tysdag får vi høyre meir om kor det vart av Ola E. Bø, og korleis yrkeskarrieren som arbeidskar for nynorsken arta seg.

Og så byr vi som vanleg på sogelagsmat og allsong. Og songtekstane blir på nynorsk – garantert.

– Roar Lund


Dato: Tysdag 22. oktober
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret